Beracah barnehjem - din hjelp gir barna en fremtid

« How are you today? »

Publisert: 13.12.2015

Det var et fint Besøk på barnehjemmet. Mer konkret informasjon og oppdatering sendes faddere og faste givere før jul. Her er Kari Søndenaas refleksjoner etter besøket. Hun er professor i sosialt arbeid på UiS og deltok sammen med 2 masterstudenter. Vi ser frem til videre samarbeid med  UiS.

 

Det er tidleg morgon, og på bordet på hotellrommet står ei avskoren plastikkflaske med oransje og gule blomar frå hagen til Sunny, saman med eit hjarteforma kort med teksten “Welcome Our Dear Kari To Beracah”…

Så er det plutseleg «etterpå» og 13 dagar seinare. Kor er alle lydane, luktene, fargane og myggane? Men, først og fremst: Kor er alle ungane med kvikke blikk og litt for store sko, - dei som alt har vore lenge oppe, og som møtte meg med eit «Good morgning, Mam, how are you today?»

Tilbake på eit stille kontor på Universitetet i Stavanger er prosessen med å gjere sterke opplevingar om til erfaring så vidt i gang. Med filosofen John Dewey i bakhovudet tenkjer eg at erfaringsarbeid er hardt arbeid – og at alle erfaringar ikkje er like viktige. Forbrytarar og kjeltringar gjer også erfaringar, og det er i prinsippet fullt muleg å starte opp ein forbrytarskule på dette grunnlaget. Det er innlysande at vi ikkje vil dette. Eg søker etter opplevingar som er verd å ta vare på og må spørje meg sjølv: «How are you – etter eit første opphald på 10 dagar i Callicut og på Beracah, saman med 25 ungar, føregangskvinnene Tove og Bjørghild, 25 ungar, eit flott personale og mastergradsstudentane i sosialfag frå Universitetet i Stavanger, Christina og Cecilie.

Eg har jenter og utdanning fremst i panna og tenkjer på kva det er som gjer at jentene står fram som sterke og motiverte med draumar om framtida, til tross for vonde opplevingar i unge liv. Det dreier seg om unge jenter sine opplevingar som i lys av ein norsk velferdsmodell ville vore grunnlag for fortellingar med utgangspunkt om tung psykiatri og for fosterheimsplassering. Kva er det som gjer at det først og fremst er jentene på barneheimen sin styrke og glede som møter meg? Korleis kan eg få meir kunnskap om dette? Kanskje det handlar om innsikt i mytar eller draumar? Rollo May (1995) har sagt at mytane våre kan løfte mennesket ut av ein slavetilstand i form av det ordinære, dei gjev kraftfulle framtidsvisjonar og sørger for å gjennomføre desse visjonane. Mytane er fortellingane som er berarane av eit samfunns verdiar og gjev den einskilde av oss identitet. May hevdar at krafta i mytane er sterkt undervurdert.

« How are you today? » Det slår meg at opphaldet mitt på Beracah er tettpakka av inntrykk og opplevingar, og at det kjem til å ta tid å omsette desse til erfaring som er verd å ta vare på. Men, alt no er eg sikker på at erfaringane vil gjere meg rikare – fagleg og personleg. Erfaring som nører opp under trua på ei meiningsfull framtid for jentene, ei framtid som ikkje stigmatiserer jentene i ei offerrolle på grunnlag av fortida. Erfaringar som peikar mot jenter med livsmot og som det står respekt av.

Eg kan ikkje seie at eg er vorten eit betre menneske etter opphaldet på Beracah, men eg er like fullt ikkje heilt den same som før. Eg er skjemd over den plassen  materielle godar og trong til definering og kategorisering har fått i vårt vestlege levesett og vil saman med masterstudentane dukke ned i spørsmål som handlar om fenomen som mot, styrke og svakheit. Eg er vorten minna på verdien av audmjukheit ovanfor kva livet kan by på og på menneskelege krefter som grunnlag for meiningsfylt liv. Eg er også styrka i min skepsis til monologiske ein-dimensjonale forklaringsmodeller og i trua på mangfald og kompleksitet som ressurs. Eg har sett korleis omsorg, humor, leik og læring er eit godt utgangspunkt for meiningsdannande møter mellom menneske, og ikkje minst kva slike møter gjer for utvikling av medvit om eige potensiale hjå unge jenter.

 Takk Indiaforeningen for denne mulegheita for ny innsikt!

 Universitetet i Stavanger, 04.11.15: Kari Søndenå, professor i sosialpedagogikk.

 


Nytt fra India

Publisert: 10.12.2014


 


nytt fra india - nov 2014.pdf
 Klikk her for å lese reisebrev fra Espen som besøkte Beracah i høst, og siste nytt fra barnehjemmet.

Del to av Linda Lindebergs reisebrev

Publisert: 12.05.2014


 


2014 reisebrev 2 fra Linda.pdf
 Klikk for å lese mer om Lindas møte med menneskene på Beracah

REISEBREV

Publisert: 09.03.2014

 
Bildetekst 

19 januar 2014 satte jeg, Tove Erna og min datter Naomi på 11 år kursen mot India. Vi skulle besøke og faktisk få bo på Beracah Barnehjem. Vi var spente begge to, på hvordan det skulle bli med alt fra mat, doforhold, madrasser, lekekamerater med mer. Alt ble mye bedre enn vi var forberedt på!!! Les mer...

 


Les mer

Historien om den ene!

Publisert: 19.02.2014

Fra mitt besøk på Indiaforeningens barnehjem i Kerala, India – januar 2014.

Av Linda Lindeberg

For 23 år siden begynte en lang og fantastisk reise for 2 unge piker som nå er blitt litt eldre og med rette kan kalles Damer- med stod D faktisk! Shantosham og Tove Erna, typisk Indisk og typisk Norsk, begynte å brevveksle. Hvordan denne kontakten i første omgang oppstod, er litt uklart for meg, men det er da heller ikke viktig for historien.


Les mer

Naomi 11 år har besøkt barnehjemmet

Publisert: 17.02.2014


 

   
Bildetekst 

klikk her for å se presentasjonen hun har laget fra oppholdet sitt.


Indiaforeningens Kontonummer: 0539 33 85865